Fredagskvelden opna det utstilling med målaren Olav Harald Ulstein på galleriet på Convexhusa i Ulsteinvik. Utstillinga heng heile helga.
Under Smak av Ulstein i 2015 hadde han utstilling på Vikholmen, i regi av Ulstein Kunstlag. No er det i regi av gallerist Bjarne Wærdahl.
- Det er alltid kjekt å stille ut i Ulsteinvik. Dette er veldig flotte lokale med godt lys. Dei store vindauga gjer at det slepp inn ein del dagslys her på dagtid, seier kunstnaren som er veldig opptatt av lys. Det ser ein på bileta hans. Rundt i lokala heng det omtrent 30 bilete, dei fleste av fjelltoppar. Men det er lyssettinga i bilete som gjer bileta spesielle.
Bileta kan på avstand sjå fotografiske ut, men dei er måla. Det Ulstein si oppleving av naturen som er viktig for han når han måler bileta.
Han er mykje ute i naturen, omtrent kvar dag går han seg ein tur.
- Eg har vore frå Pasvikdalen i nord til Finnskogen i sør, fortel Ulstein.
- Får du gått noko på tur no som du er i Ulstein og har utstilling?
- Nei, men i kveld er eg kanskje på hjortejakt, om det ikkje regnar for mykje. Det er ingen grunn til å setje seg i sofaen, seier Ulstein som ikkje sjølv blir til stade på utstillinga i morgon. Men ustillinga er open til og med sundag denne helga.
Prisane på bileta er på 4900-36 000 kroner.
Meir i papiravisa tysdag 6. desember.