Sanitetslaga i Ulstein kommune sørger for at Bell Ungdomsklubb kan servere gratis pizza og saft til klassefestar for alle trinn frå 1. - 10.klasse.

Solveig Kristensen (Ulsteinvik Sanitetsforeining), Perly Pedersen (Hasund og Sundgot Sanitetsforeining) og Johanne Garshol (Haddal Sanitetsforeining) besøkte ungdomsklubben under Halloween-arrangement for ungdom. Dei vart godt mottatt av ungdom som setter pris på at dei støttar slik at dei får gratis mat og drikke på klassefest.

Fleire klasser har alt hatt klassefest på Bell Ungdomsklubb. Her er ei av 7.klassene frå Ulsteinvik barneskule på besøk tidlegare i haust. Dei var veldig glade for å få klassefest med gratis pizza. Foto: Bell

– Dei som jobbar med barn og ungdom i kommunen legger til rette for mange gode tilbod som er gratis og for alle. Det er kjekt å sjå alt dei får til, samstemmer leiarane for dei tre sanitetslaga.

Tradisjon med klassefest

Midlar frå Saniteten er med å bidra til klassefestar for tredje år på rad.

– Vi starta med klassefestar i pandemitida då vi måtte invitere kohortar. Dei gode tilbakemeldingane vi fekk frå elevar, tilsette ved skulane og føresette, har gjort at vi har heldt fram med desse arrangementa, fortel ungdomsarbeidar Marie Flatin i Ulstein kommune.

Sosiale arrangement utanfor klasseromma er med å bidra til inkludering, og dette er noko leiarane for sanitetslaga brenner for.

– Det er kjempeviktig å legge til rette for opne møteplassar der ein kan treffast på tvers og få nye venner. Ungdomsklubben legger til rette for inkludering og mangfald. Dette støttar vi med glede, samstemmer dei.

Fleire samarbeidspartnarar

Sanitetslaga i kommunen har opp gjennom åra vore med å bidra til utstyr og fleire aktivitetar i regi av Bell Ungdomsklubb og Ulstein Frivilligsentral ved Skollebakken aktivitetshus.

– Vi får alltid positivt svar når vi søker midlar hos saniteten. Dei er verkeleg med å bidra til mykje, og det setter vi svært stor pris på. Vi er heilt avhengige av slike samarbeid, seier ungdomsarbeidaren.

Napoli Pizza Ulsteinvik, her ved Rifat Shera, har vore ein viktig samarbeidspartnar i fleire år. Med god rabatt blir det mange pizza til ungdomsklubben sine klassefest-arrangement. Foto: Bell

Haustens klassefestar er godt i gong og førebels viser tala at kebab-pizzaen til Napoli Ulsteinvik framleis scorar høgast.

– Vi har i fleire år hatt med oss Napoli, ved familien Shera, som samarbeidspartnar i det førebyggande arbeidet. Med god rabatt får vi mykje mat for midlane, som gjer at vi får til fleire arrangement, held Marie fram.

Naim Shera er glad for å kunne vere med å bidra: - Vi er gjerne med å støtte det gode arbeidet som blir gjort for barn og ungdom i Ulstein kommune.

Meir nytt frå ungdomsklubben

Både før og etter sommaren har Bell Ungdomsklubb arrangert fleire ulike workshopar. Den siste i samband med Halloween, med ansiktsmaling, der instruktør er ungdom Isa Brevik. 9.klassingen er ein av mange som brukar tilboda for ungdom i regi av ungdomsklubben og Ung Arena Ulstein.Vi har mellom anna hatt workshopar i redesign, teikneserie, Dj, låtskriving og sushi. Fleire er under planlegging.

– Alle desse workshopane kan vi tilby gratis fordi vi får midlar vi søker på. Denne runda er det midlar frå både Ungdom og Fritid og UKM Norge, opplyser Marie, som også er med å ha hovudansvar for UKM (Ung Kultur Møtest) i Ulstein.

Positive svar på søknader gir kvart år mulegheiter for å tilby noko ekstra, som nettopp workshopar, og aktivitetar i ferie. Midlar har også sørga for ei oppgradering av Skollebakken aktivitetshus.

Markering «nye» Skollebakken

Ungdomsklubben søkte saman med Ulstein Frivilligsentral og fekk 800.000 kroner frå Gjensidigestiftelsen for å oppgradere «Ein stad å henge for ungdom». I samarbeid med ungdom vart det bestemt å bruke midlane på ein parkour-park og ein gapahuk med innlagt straum. Midlane har også gitt nokre nye møblar samt gitt bidrag til «Ung Arena Gaming»-tilbodet ved Ulstein Arena.

– Vi har meir på ønskelista før uteområdet er ferdig, og søker etter nye midlar. No gler vi oss over det vi har fått på plass. Det har kome mange tilbakemeldingar om at uteområde er ofte i bruk og det er kjekt å høyre. Markering for ferdigstilling prosjektet blir på «MOT til å glede-dagen 23.november. Det vil komme meir informasjon om markering av «nye» Skollebakken, opplyser ungdomsarbeidaren.

Mykje aktivitet

Det er meir enn workshopar og klassefest-arrangement som skjer ved Bell Ungdomsklubb.

– Tysdagar har vi MOT-klubb med eigne kveldar for 6.trinn og for 7.trinn, i tillegg til klubb for ungdom frå 8.trinn og oppover. Vi har også ope minst ein fredagskveld per månad, fortel Marie.

I tillegg er det gjennom «Ung Arena Ulstein», ungdomsklubben og frivilligsentralen, kvar onsdag middag med mulegheiter for å gjere lekser eller «henge» på klubben. Ein laurdag i månaden er det «Open hall», og kvar måndag er «Ung Arena Gaming» ope.

– Vi oppmodar om å følge oss på sosiale media for å sjå kva arrangement og aktivitetar vi har å by på, avsluttar ungdomsarbeidaren.

Bell Ungdomsklubb