Trass i eit usikkert vêrlag samla Hareid sokn 215 personar til friluftsgudstenesta i Alskleiva søndag.

Folk var tidleg ute – og sprengde fort kapasiteten til dei nymonterte kyrkjebenkane, som ei dugnadsgruppe i Lionsklubben hadde sett opp.

Også loddkapasiteten til trimgruppa i Hareid IL vart sprengd. Etter å ha delt ut 200 deltakarlodd måtte dei sist tilkomne finne seg i å stå utanfor trekkinga av premiar.

Musikklaget Melshorn under dirigent Hans Otto Brekke stod som vanleg for musikk til salmesongen og dei liturgiske ledda, medan ei rekke juniorkonfirmantar hjalp til med tekstlesinga.

SKAPARVERKETS DAG

Sokneprest Leidulv Ø. Grimstad opna med å seie at tekstane til denne søndagen var sett saman i høve det han kalla «Skaparverkets dag». Med dei vakre Vartdalsfjella som resonnerande bakteppe gav både preika og dei bibelske tekstane innsikt i Bibelen si meining om kva plass menneska har i verda. I den kristne skapingssoga handlar det ikkje, som i andre religionar, om kampen mellom godt og vondt, lys og mørke, dag og natt – men om Gud som handlande subjekt.

- Vi menneske er fødde inn i eit tidsbegrep, men Gud er utanfor tid og rom, sa soknepresten, som viste til at mange meiner at kyrkja berre skal halde seg til åndelege spørsmål og ikkje vere ei brysam stemme når det gjeld politikk og forvaltinga av skaparverket.

- Kyrkja kan ikkje vere taus, men det konkrete må vi sjølvsagt diskutere, sa han.

UNGE PILEGRIMAR

Eit av innslaga i gudstenesta var eit salmesonginnslag ved eit kor av unge krossberande pilegrimar under leiing av kantor Ida Teige. Etter at dei hadde sunge salmen «Fader du har skapt meg» åleine, vart den store friluftskyrkjelyden med på ein repetisjon.

TAKK TIL LIONS

Etter velsigninga vart det ei lita markering av dei nye kyrkjebenkane, talarstolen og trekrossen. Kyrkjeverje Bente Andreassen Pilskog streka under kor viktig det var med villige dugnadskrefter i eit lokalsamfunn. Ho fekk fram og takka fire av Lions-arbeidarane - og Kjartan Kvalsvik kvitterte med å takke på vegner av Lions – før trimgruppa v/ Gunn Bente Drevland stod føre utloddinga av ti gevinstar.

Så la folk på heimveg – og dei første regndropane kom.