Tysdag føremiddag gjekk 5-årsklubben i Tryggheim barnehage til Sunnmøre folkehøgskule i Ulsteinvik for å spele sine vakraste minner inn på ei plate.

– Berre kjekt

Dei vesle femåringane hadde ingen aning om at dei skulle syngje songar til ei eiga plate før dei kom til barnehagen tysdag morgon.

– Vi ville ikkje avsløre noko i framkant i tilfelle vi måtte avlyse, fortel barnehagepedagog Irene Nygjerde ved Tryggheim barnehage.

I ein av salane på folkehøgskulen sat borna i ring. Dei song barnesongar saman med to småsolistar som stod ved kvar sin mikrofon. Oddgeir Nygjerde har born i Tryggheim barnehage, og stilte difor opp som opptaksmann, i form av god dugnadsånd. Tilsett i barnehagen, Jorunn Vattøy, spelte gitar.

– Dette er berre kjekt. Her får femåringane med seg eit flott minne frå barnehagetida, no når dei skal bli skuleelevar, avsluttar Nygjerde med eit smil.

Nokre av borna song solo, medan resten song i eit kor. Foto: Joar Ødegård