Etter at Cirkus Agora gjekk konkurs i 2009, starta dei i staden å halde små framsyningar på ei scene i trivselsparken Tusenfryd utanfor Oslo i 2012. Ei ny satsing verkar no å vere eit omreisande mini-show til glede for fleire i dette langstrakte land.

I samband med ordninga "Den kulturelle spaserstokken", vitja sirkusdirektør Jan-Ketil Smørdal og ein erfaren finsk tryllekunstnar Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter onsdag. "Den kulturelle spaserstokken" er ei ordning regjeringa innførte i 2007 der kommunar får middel med formål om å gi eit betre og meir omfattande tilbod av kunst og kultur for eldre.

Med historieforteljing på tysdag og sirkus på onsdag, har det vore mykje aktivtet på Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter så langt denne veka.

Fleire fekk glede seg over både imponerande tryllekunstar og sjonglering denne dagen. I tillegg til dei som bur på Alvehaugen, var også ein heil gjeng frå Ulstein sanse- og aktivitetssenter der. Born frå Almejordet barnehage var også tilstades og fleire fekk ta del i framsyninga.

Det var med andre ord fullt hus på Alvehaugen onsdag. Borna flira og både vaksne og unge såg ut til å vere svært fascinert over kunstane som vart vist fram.