Alt ligg til rette for ein svært interessant søndag på Runde komande helg. Her kan du få lære meir både om dei nye karta over havbotnen og om tilstanden til fuglane på Runde.

Sigrid Elvenes frå Norges Geologisk Undersøkleser (NGU) vil vise resultat frå arbeid med dei nye sjøkarta på Søre Sunnmøre. Fotograf og journalist Halgeir Skjelstad vil ta oss med på ein visuell runde til mange av fuglefjella i Nord-Atlanteren. Og Alv Ottar Folkestad vil fortelje om tilstanden til fuglane på Runde.

Lundefuglen har landa i Rundefjellet, og det blir spennane å sjå korleis årets klekkjing blir. Søndag er mange av dei fremste fugleekspertane på plass i Herøy på eit storseminar om sjøfuglbestanden. Og søndag inviterer Runde Miljøsenter til opne foredrag om temaet med påfølgjande tur til Lundeura.

Etter dei opne foredraga på Runde miljøsenter søndag kan dei som vil vere med på tur til Lundeura for både å sjå dei nykomne lundefuglane og få vite meir om levemåte og utvikling av bestanden både av lundefuglane og dei andre sjøfuglane som hekkjer på Runde.

I mange år har lundefuglen hatt problem med å få fram ungar. I tillegg har vi sett av krykkja er nesten borte frå Runde.  Fuglefjellet er mykje stillare enn det var for nokre år sidan. Det sydande levenet er nesten borte. Under fugleforedraga blir det også diskutert kvifor det er slik og korleis  utviklinga vil bli framover.

Både foredraga og turen blir lagt opp slik at born som er interesserte i fuglar også vil ha utbytte av det.