Onsdag 15. april vitjar Svein Sæter Ulsteinvik med foredraget «Hemmeleg helt». Arrangementet er i samband med «Den Kulturelle Spaserstokk» og har fri inngong. Det heile finn stad i kinosalen på Sjøborg.

Knut Haugland deltok på verdas mest kjente sabotasjeaksjon; tungtvannsaksjonen mot Nazi-Tysklands atombombeprosjekt. Etter krigen deltok han på verdas mest berømte ekspedisjon; om bord på Kon-Tiki over Stillehavet.

Først då han var 90 år, bestemte Knut Haugland seg for å fortelje. Han kontakta forfattaren Svein Sæter, og resultatet vart boka Operatøren. I Hemmeleg helt fortel Svein Sæter om mannen som levde eit eventyrleg liv, men likevel heldt seg i bakgrunnen. Under det heile ligg ei enda større historie, om kva ressursar som finst i mennesket.