Etter eit særs vellukka samarbeid om Duke Ellingtons ”Sacred Concert” i 2000, har Ulstein kyrkjekor og Ulstein storband igjen gått saman om eit fellesprosjekt, ”Norsk Jazzmesse” av Sigvald Tveit og Tor Edvin Dahl. Verket blei laga i 1990, og har vore framført under jazzfestivalar i Noreg og Tyskland. Jazzmessa har reisa og kjærleiken som tema. Reisa er meir og meir sentral for moderne menneske. Vi blir fortrulege med oppbrotet; reisa si rytme driv oss vidare. Reisa er også eit bilete på livet, frå fødsel til grav. Sist men ikkje minst, er reisa eit bilete på vårt tilhøve til Gud. Vi reiser med han, men vi reiser også til han. Gjennom våre erfaringar i livet, gjennom møte med andre menneske, vinn vi stadig større forståing av kven Gud er. I ein slik samanheng er kjærleiken sentral. Kjærleiken forandrar seg, og vi elskar ulikt på ulike tidspunkt i livet. Under livsreisa vil ein kanskje sjå at kjærleiken viser oss mange ansikt, og etter kvart får ein kanskje også ei klarare forståing kva som nettopp er Guds kjærleik – den urokkelege omsorga som fylgjer oss, og som vi alltid kan vende tilbake til. Satsane i verket har som utgangspunkt ordinarieledda i den gamle latinskemessa: Kyrie (bøneropet), Gloria (lovsongen), Credo (truvedkjenninga), Sanctus (Heilag), Benedictus (velsigninga) og Agnus Dei (Guds Lam). Messa er så utvida med andre gudstenesteledd: Introitus, kontakion (liturgisk tematisk hymne), to meditasjonar, salme og conclusio. Alle desse satsane er gjendikta, men har små innsmett med delar av originalteksta. Musikken er tydeleg inspirert av kyrkjejazzen som oppstod i midten av 1960-talet, med Duke Ellington som føregangsperson. Vi finn samba, rock, jazzballadar, swing, shuffle, bossa nova, jazz waltz, negro spiritual, instrumental og vokal soloimprovisasjon, kor a capella, orkestersatsar og satsar med tutti; kor, solist og orkester. Dette er ei stor og utfordrande musikalsk satsing som krev store menneskelege, musikalske og økonomiske ressursar. Storbandet og kyrkjekoret er no inne i siste innøvingsfase, og ser at dette kjem til å bli eit musikalsk særs vellukka prosjekt. Konserten blir halden i Ulstein, Leikong og Slagnes kyrkjer 9.-11. februar.