Med ferske meldingar om den globale oppvarmingstrusselen i ryggen er det nok ekstra mange av oss som følgjer med i temperaturutviklinga. Skal tru om 2007 blir eit endå varmare år enn det rekordvarme 2006? På verstasjonen voldaveiret.no blir det ført logg over temperaturforholda på Kleppane i Volda kvar dag. Her ser vi utviklinga av rekordtemperaturane for året 2007: Vi startar med 4. januar, då det vart målt + 9,3 grader. Denne maksimumstemperaturen for året 2007 heldt seg til 1. februar - då gradestokken kom opp i + 9,.6 grader. 15. februar vart det sett ny årsrekord igjen med + 9,8 grader - og dagen etter - den 16. februar - målte stasjonen i Volda + 10,7. No er vi over i mars. Den 7. mars kraup voldamålingane opp i + 13,5 grader, som er den førebels høgaste dagstemperaturen hittil i år. Meteorologisk Institutt melder at gjennomsnittstemperaturen i Norge dei to første vintermånadene i år var 0,7 grader over det normale.