Onsdag komande veke får om lag 70 9.-klassingar frå Ulstein ungdomsskule ta turen i to puljer ut til Borgarøya. Dei vert henta i Ulsteinvik med Borgundknarren frå Sunnmøre museum, og skal få lære om Flåværleia i eit 200-års perspektiv.

Samfunnsutvikling

Torsdag kom Håvard Hatløy siglande frå Herøy kystmuseum og innom Ulsteinvik, før turen gjekk ut til Borgarøya med tønner som skal nyttast i formidlinga til skuleelevane.

Hatløy vekte oppsikt på veg inn mot «Foreininga» i sin sjølvbygde lestabåt, som og skal nyttast i formidlingsarbeidet på Borgarøya.

– Flåværleia frå Stadt mot Flåvær fyr var hovudleia mot Ålesund, fortel Hatløy. Elevane i Ulstein skal få lære om denne leia knytt til samfunnsutviklinga.

– Ein kunne ikkje byggje landet utan å byggje kysten. Det var Riksveg 1, slår han fast.

Historisk betydning

Hatløy fortel at det vart oppretta handelsstad på Borgarøya allereie på 1600-talet.

– Borgarøya låg nær leia, det var godt å kome inn der og det var djupt nok. I Ulsteinvik var det hovudsakleg berre gardar på denne tida, seier Hatløy.

Opplegget for elevane i Ulstein skal gje dei ei innføring i den historiske betydninga til leia, samt kva den betyr i dag.

Eit liknande opplegg har vore gjennomført for 6.-klassingar i Herøy, og det skal og elevar i Sande skal og få delta.

Vil ha med kommunane

– Dette er ei nasjonal satsing langs heile kysten. Formidlingsprosjektet vårt er ein liten bit av eit større prosjekt. Det er heldt på med registreringar og dokumentasjon, det blir laga filmsnuttar, og ein del folk er involverte i formidlingsprosjekt, fortel Hatløy.

Ute på Borgarøya skal elevane i tillegg til å verte informerte om den tidlegare handelsstaden, få vere med ut i båt for å sjå etter sjømerke og fortøyingspunkt, samt at dei kan få prøve seg bak årene.

– Eg trur dette blir ein flott dag for elevane, og vi håpar vel at dette er noko som kommunane skal sjå ein verdi i og at det kan vere eit opplegg dei kan ynskje å ha også i framtida, fortel Håvard Hatløy.

Håvard Hatløy