Årets utgåve av Fadofestivalen har eit breiare program enn nokon gong.

Fadofestivalen har i år femårsjubileum, og går av stabelen i tidsrommet 5.-9. mai.

– Fadofestivalen får eit breiare program enn nokon gong tidlegare. Det blir fem konsertar med sju artistar i Bergen, Eikefjord og Ulsteinvik, opplyser festivalsjef Bjarne Wærdahl.

- Leiande musikarar vil gjennom fem arrangement formidle det beste innan Fado-song. Fadofestivalen har gjennom åra klart å få med dei beste artistane på veg opp på «stjernehimmelen». Dette er vi stolte av å ha fått dele med eit entusiastisk og veksande publikum, seier Wærdahl.

Stor stjerne

Den største stjerna under årets festival er Ricardo Ribeiro, som vart kåra til beste artist under Songlines Music Awards 2015.

I tillegg kjem fadistane Carolina og Filipa Cardosa og musikarane Rodolfo Godinho, Paulo Ramos og Daniel Pinto.

Festivalen startar i år med ein konsert på Verftet i Bergen 5. mai.

– Vi har fått det ærefulle oppdraget å stå for det kulturelle programmet under statsbesøket frå presidenten i Portugal, Anibal Cavaco Silva, fortel Wærdahl.

På veg oppover til Sunnmøre blir det stopp i Eikefjord, der det blir konsert i Eikefjord kyrkje. Konserten der blir i samarbeid med Fleirbrukshallen og grendalaget i Eikefjord.

Kyrkja og Kaffibaren

Komne tilbake til hovudarenaen i Ulsteinvik vert det i høve jubileet tre konsertar. Etter kyrkjekonserten fredag blir det fadoklubb med kvinnestemmer på Kaffibaren.

– På den måten håper vi å nå den delen av publikummet vårt som ikkje er å finne på «gallamiddagar» og i konsertsalar, forklarer festivalsjefen.

Den store femårs-markeringa blir i Sjøborg kulturhus laurdag kveld. Det blir ei festforestilling med servering av portugisisk middag til 150-200 gjester.

– Festivalen er ikkje berre musikk, men mat, vin, kultur og andre aktivitetar gjennom festivaldagane. Vi gler oss stort, og er overtydde om at årets Fadofestival vil bli minnerik, seier Wærdahl.