Dagleg leiar Johannes Kristian ”Bassa” Bjøringsøy ønskjer nytilsette Geir Sindre Røyset velkomen i Sebastian AS.

- Vi ser at vi klarer oss godt i ein marknad med krevjande kundar. Fleire og fleire reiarlag rundt omkring i verda set pris på det vi leverer. Fleire kundar gir naturleg nok også fleire oppdrag, seier Johannes Kristian ”Bassa” Bjøringsøy i Sebastian AS.

- Organisasjonen vår er blitt meir fleksibel enn nokon gong. Endeleg er vi tilgjengelege for oppdrag også på kort sikt. Dette har vi jobba bevisst med å få til.

Reiarlag som allereie har nytta seg av den aukande stand-by-fleksibiliteten til Sebastian er Havila, REM, Farstad, Subsea Seven og Golden Energy Offshore.

Utvidar staben

- Vi er kanskje litt spesielle, men vi let oss ikkje påverke av mørke skyer i verdsøkonomien. Sebastian har planar om nytilsetjing for å møte eit aukande behov i marknaden for rask respons og assistanse.

Ulsteinfirmaet nyt ekstrem tillit som følgje av deira unike kompetanse på ulike system som blir nytta mellom anna på avanserte offshorefarty.

Med nytilsetjinga av ein erfaren navigasjonsoffiser tilbyr ulsteinfirmaet endå fleire tenester, mellom anna CMID - Common Marine Inspection Document - som er ein overordna rapport frå ein uavhengig tredjepart som fortel om statusen til det aktuelle fartyet.

- Vi planlegg fleire tilsetjingar utover året, kommenterer Bjøringsøy.

Ekspertise og integritet

- Alle interne møter startar med at vi minner oss sjølve om vårt interne slagord: Trusted through expertise and integrity. Det er dette vi heile tida må leve opp til.

- Dette må vere eit godt salsargument. Kvifor finn vi ikkje dette på heimesida dykkar?

- Vi hadde aldri vore der vi er i dag om vi ikkje var opptatt av substans. Om vi brukte dette i marknadsføringa vår, så ville vi kanskje bli mistenkt for flaneri, smiler ”Bassa”.