Blandakoret inviterte utflytta Fløfolk til festen som skal vere på Flø skule laurdag 17. mars, og det ser ut til å verte fullt hus når heile 160- 170 har meldt seg på. Det kjem folk frå fjern og nær for å hyggje seg og helse på gamle kjende. Også fastbuande vert sjølvsagt å treffe til bygdefesten som blir arrangert fyrste gongen i år. Hemingen skal glede Fløfolket med songen sin, og dirigenten Kåre Jørve spelar opp til svingom ut på kvelden. Dei skal også la dei utflytta mimre litt når dei viser situasjonsbilete frå Flø på skjerm. Det ligg an til å verte ein skikkeleg triveleg kveld på Flø.