Kvalvik er til dagleg tilsett i Nordvest Fiskehelse. Interessene reise, fotografering og kunst har resultert i serier med lysbilete. I ein månad reiste han rundt i Iran med sekk på ryggen, heilt utan problem. Han opplevde at perserane er eit gjestmildt folk, og han fann sin måte å kommunisere på. Heller ikkje i Tyrkia var der praktiske avgrensingar. Dette er to ikkje-arabiske land, med kvar sin islamske bakgrunn. Ayatollah Komeini forsøkte å islamisere Iran, medan president Mustafa Kemal Atatyrk prøvde å avislamisere Tyrkia på 20-talet. Dette har ført til at tyrkarane har eit meir avslappa forhold til trua si. Kvalvik ser dei to landa i historisk perspektiv, og viser uttryksforma deira frå 600-talet og fram til i dag. - Den islamske kunstformen står fram i ulike former i forskjellige land, men med fellestrekk. Tyrkia, til dømes, utvikla den gotiske stilen, som dei seinare eksporterte vestover. Dei var dyktige handelsfolk, og då følgjer kunsten med. Dessutan set naturen sitt preg på kunsten, fortel han. Hareid Kunstlag prøver å gjere årsmøta til ein liten kulturkveld der første delen er open for alle interesserte. I tillegg til lysbiletekåseriet vert det musikk ved Olav Egge Brandal, diktlesing ved Vigdis Riise og ein varmrett før sjølve årsmøtet tek til. Nytt ein mørk vinterkveld til å vere med på ei eksotisk reise. I dag er siste frist for å melde seg på.