Prisen var eit måleri av ulsteinkunstnaren Aina Moldskred. Då Gry Nordal skulle kunngjere merittane til vinnaren trudde ho at publikum ganske fort kom til å forstå kven det var: Prisvinnaren vart omtala som "modig, idérik, reflektert og allsidig". Som ung hadde ho blant anna reist verda rundt med Ten Sing Norway. I hovudfagsoppgåva si i sosiologi skreiv ho om "omstillingsprosessar i eit tysk verft etter at aust og vest smelta saman". Etter dette har ho blant anna vore FAFO-forskar. - Prisen, sa Nordal, - var både ei premiering og ein motivasjon til vidare arbeid. - Heldigvis kom ho heim til Ulsteinvik til slutt, uttalte Nordal. Sidan har ho hatt ei rekke leiande stillingar. I dag sit ho i fleire styre - bl. a. for Kleven Maritime, Kleven Verft, Myklebust Verft og Nordvest Forum - og i nokre av dei sit ho som styreleiar. Samtidig har ho familie og er småbarnsmor. Ho fører seg på ein naturleg og sikker måte og er ein god ambassadør for kvinnedeltaking i leiinga av det maritime miljøet vårt. Kjersti Kleven var den 8. kvinneprisvinnaren. Her er lista frå innstiftinga i 2000: 2000: Marie Lovise Widnes 2001: Gunn Berit Gjerde 2002: Signe Bjåstad 2003: Diana Moldskred 2004: Borgny Solbakken 2005: Oddlaug Ulstein 2006: Eli-Sølvi Jønsson 2007: Kjersti Kleven