Mange kjenner nok Jorunn Sundgot-Borgen best frå fjernsynsskjermen. Jamleg dukkar ho opp i helseprogrammet Puls på måndagskveldane. Måndag denne veka var ho på plass i panelet til spesialsendinga av Puls. Og ho deltek gjerne i fjernsynsdebattar. Men Sundgot-Borgen har røynsle frå langt meir enn fjernsynsskjermen. Til dagleg er ho professor i fysisk aktivitet og helse på Noregs idrettshøgskule. Ho føreles og forskar på samanhengen mellom trening og helserelaterte utfordringar som vektregulering, spiseforstyrring, osteoporose og svangerskap. Sidan 1995 har ho òg arbeidd for Olympiatoppen. Og ho skriv for magasinet PULS. Ernæringseksperten er oppteken av effekten av aktivitet og trening for alle aldersgrupper.

Anar frå Reiten

Jorunn Sundgot-Borgen er barnebarn av den utflytta ulsteinkvinna Severine Jakobine Sundgot Hansen. Nokre av lesarane hugsar kanskje at Severine vart 104 år i august i fjor. Severine er fødd og oppvaksen på Reiten i Ulstein, og storesyster til Wilhelmine (Mimmi) Tolaas som bur i barndomsheimen deira. Severine og Mimmi er syskenborn med faren til Ingeborg Sundgot Hofseth. Ingeborg er leiar i Senioruniversitetet i Ulstein og det er ho som har fått i stand møtet. Møtet blir arrangert av Senioruniversitetet i Ulstein i samarbeid med Ulstein Sanitetsforening og Ulstein kommune.

Auka livskvalitet

Jorunn Sundgot-Borgen er ei aktiv dame som er mykje på farten. Om du ser i dagboka hennar oppdagar du fort at ho har mange reisedøgn i året. Kvifor sa du ja til å kome til Ulstein? Eg synest temaet er viktig og det er flott at nokon tek initiativ til at "bodskapen" blir spreidd. Eg må også innrømme at nei-knappen vart sleppt fordi det var slektningar som spurde om oppdraget. Programmet mitt er veldig, så det er litt vanskeleg å få tid til alt ein ønskjer, svarer Sundgot-Borgen. Eg har høyrt at bestemora di er den uflytta ulsteinkvinna Severine Jakobine Sundgot Hansen som vart 104 år i fjor. Har du vore her mykje tidlegare? Det stemmer at farmora mi blir 105 og framleis er ei "sterk" kvinne... I alle fall sta, men det er kanskje dei fleste frå Sunnmøre. Eg var her ein del som lita og så seinare i samband med nokre turnkonkurransar som jente. I etterkant har det dessverre vore lite med besøk, fortel ho. Overskrifta for møtet er "La fysisk aktivitet bidra til auka livskvalitet". Er det ei spesiell aldersgruppe eller anna gruppe du rettar deg særskilt mot? Nei rådet gjeld frå mor ber fosteret sitt til 100-åringane. Alle vil dra nytte av aktivitet! Møter du ekstra stor entusiasme rundt temaet helse på denne tida av året, jamfør folk sine nyårsforsett? Ja, dei første vekene etter jul er det for mange med for store forsett! Eg opplever at det generelt er høg grad av fokus på temaet. Men dessverre litt ofte litt feil fokus, avrundar ernæringseksperten og legg til at ho gler seg til møtet.