Revyen, som i år har fått namnet "Alt for Dimna", har det vore hektisk jobbing med dei siste vekene. Det meste skal no vere på plass. Det er derfor ein spent og forventingsfull revygjeng som er står klar for å entre scena på premieren onsdag. Mest spente er dei nok på om dei humoristiske innslaga dei har laga til, slår an slik som dei har forventa det. Den siste helga har det vore intens øving på dei ulike revynummera som skal få plass i revyen. – Det største problemet har i grunnen vore å bestemme seg for kva nummer som får vere med, og kva revynummer som må strykast for at revyen ikkje skal bli for lang, seier Trude Gurskevik Knotten i Dimnarevyen. Det blir også i år mange nummer som vil gi lattermusklane god trim. - Samansetninga av revyen er slik at vi trur alle skal få seg ein god latter både ein og fleire gonger i løpet av forestillina som vil vare i om lag to timar.

Godt billettsal

Førehandsalet av billettar har har vore godt. På nokre av framsyningane er der no berre få billetter igjen. Men det skal framleis vere muleg å skaffe seg billett til alle framsyningane. Men det kan vere lurt å skaffe seg billett før framsyningsdagen.