Foto: Ivar Aasen-tunet

– 2011 blei det viktigaste året til no for Nynorsk kultursentrum, seier direktør Ottar Grepstad. – Arbeidet med Språkåret 2013 kom godt i gang, Olav H. Hauge-senteret vann raskt tillit, vi utvida kontakten med andre land, styrkte Ivar Aasen-tunet og sette i gang nye prosjekt som involverer mange frå ulike miljø over heile landet.

Med sine 13 fast tilsette har Nynorsk kultursentrum ansvaret for ni ulike tiltak og medarbeidarar både i Ørsta, Ulvik og Oslo. Nynorsk kultursentrum stod i 2011 for 299 arrangement og utstillingar i 26 kommunar landet rundt. Inntektene auka med om lag 25 % til nær 19 millionar kroner. 18 400 gjester og 250 000 unike nettstadbrukarar nytta tenestene frå Nynorsk kultursentrum i fjor. I desember runda dermed den nasjonale kulturinstitusjonen på Sunnmøre 3 millionar gjester og brukarar frå og med opninga i 2000.

Prosjektplan for Språkåret kjem i februar

– Vi fekk utteljing for det vi prioriterte i 2011, samstundes som vi fornya både arbeidsformer og planar, seier direktør Ottar Grepstad. Han er særleg glad for at ideen om eit nasjonalt språkår i 2013 er blitt møtt med entusiasme i mange og ulike miljø. Om få veker får Kulturdepartementet framlegg til ein omfattande og ambisiøs prosjektplan for Språkåret 2013.

Fornyinga viser også att i nye logoar. Desse blir tekne i bruk saman med eit nytt profilprogram ut på våren.

Ivar Aasen-tunet er styrkt

Ivar Aasen-tunet fornya seg med omorganisering, nye medarbeidarar og tett oppfølging av store prosjekt som er i arbeid. I 2011 gjennomførte Ivar Aasen-tunet 119 skuleframsyningar på heile Vestlandet, to nye temautstillingar hadde premiere, Dei nynorske festspela blei gjennomførte med godt resultat, og publikum kunne velje mellom 88 tilbod i det samla kulturprogrammet. Både museumsbutikken, nettbutikken og kafeen i Ivar Aasen-tunet gav gode resultat i eit nytt år med mange utleigegjester.

– Staten har i fleire år gitt oss auka driftsmidlar, og då er det viktig at vi sjølve greier å auke andre inntekter, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet.

Olav H. Hauge-senteret er alt tilgjengeleg

2011 var første året Nynorsk kultursentrum hadde ansvaret for Olav H. Hauge-senteret i Ulvik. To faste stillingar er alt oppretta, og ei tredje kjem til i 2012. Arbeidet med å planleggje basisutstillinga er alt i gang, og nettstaden haugesenteret.no blir utvikla mykje i tida framover. Med vandreutstillingar og utvalde arrangement gjennom året er Hauge-senteret alt i ferd med å bli ein del av kvardagen i Ulvik.

– Både bygda, fagmiljøa og styresmaktene har teke godt imot oss. Det gjer det lettare å nå målet om å skape eit senter for lyrikk i alle former, seier dagleg leiar Mari Olafson Lundemo.

Ny fagleg dokumentasjon

Nynorsk må vere tilgjengeleg der folk er, seier Grepstad. I april legg han sjølv fram eit omfattande supplement til e-boka Språkfakta 2010 på www.aasentunet.no. Gjennom vel 100 tabellar blir nye utviklingstrekk dokumenterte.

– Den dokumentasjonen er med og klargjer kvar det no er viktigast å satse i arbeidet med å følgje opp den språkmeldinga Stortinget slutta seg til våren 2009, seier Ottar Grepstad.

NYNORSK KULTURSENTRUM 2011

- 22 stiftarar, mellom dei alle vestlandsfylka, heile målrørsla og fire universitet

- 13 fast tilsette og 33 deltidsmedarbeidarar i 2011

- Eig og driv Ivar Aasen-tunet, Olav H. Hauge-senteret, Dei nynorske festspela, nettstadene www.aasentunet.no, www.tunkatten.no.og www.haugesenteret.no

- Eig og driv det nynorske nettleksikonet Allkunne saman med Det Norske Samlaget, og er medeigar i Norsk Barneblad

- Planlegg det nasjonale Språkåret 2013 og forvaltar Vinjefondet for nynorsk i pressa, begge delar på oppdrag frå Kulturdepartementet

- Leier arbeidet i Nynorsk Forum og i det nasjonale Litteraturnettverket

- 299 arrangement og utstillingar i 26 kommunar: Alstahaug, Bø i Telemark, Eide, Finnøy, Forsand, Gildeskål, Giske, Halsa, Haram, Hareid, Hjelmeland, Jølster, Lindås, Nesset, Oslo, Rauma, Sande, Sauda, Stavanger, Strand, Suldal, Ulvik, Vanylven, Volda, Ørsta – og London

- 18 400 gjester på arrangement og utstillingar, og 250 000 unike brukarar på www.aasentunet.no

- Sidan opninga av Ivar Aasen-tunet i 2000 har 3,0 millionar menneske brukt tenestene frå Nynorsk kultursentrum, som har hatt arrangement eller utstillingar i 124 kommunar i inn- og utland