Alice vart starta på slutten av 70-talet, vann fylkesfinalen for NM i rock året etter og starta etter kort tid profesjonelt i same høvet som dei deltok i landsfinalen på Jordal Amfi i Oslo. Gruppa turnerte frå Oslo i sør, Stavanger i vest og heilt til Honningsvåg i nord. Dei gav også ut plate med eigenkomponert stoff som mellom anna var med på ”Kanskje på Norsktoppen”. Alice starta som eit rockeband, gjekk deretter over i ei danseband-/diskofase for deretter å vende tilbake til meir rock og blues. Diskofasen har av enkelte i bandet blitt fornekta, men det kan opplysast at det i den seinare tid har dukka opp bilde av bandet i silkeskjorter og skinnbukser. I den siste fasen med rock og blues spelte dei fleire gonger på Club 7 i Oslo, som den gong var kjend som den beste og mest prestisjetunge speleplassen i landet. Alice har i alle år spelt ein del musikk som var litt på sida av dei fleste andre banda på våre trakter; Little Feat, Ry Cooder, David Lindley, Jackson Brown, Roger McGuinn - men også meir kjende namn som Eric Clapton, Van Morrison, Steely Dan, Bruce Springsteen og Manfred Mann. Det er ei stund sidan Alice var samla offentleg, men langfredag stiller dei med heile originalbesetninga frå slutten av 70-talet: Ståle Rasmussen, Ronny Jakobsen, Bjørn Barstad, Eldar Vartdal og Rune Ertesvåg. Mesteparten av repertoaret består av det som er omtala tidligare, bortsett frå disko som framleis er litt hårsårt for dei i gruppa som har noko å vere sår i. Vi vil også få høyre ein og annan "ny" låt. Karane gledar seg til å kunne samlast på Kaffebaren i regi av Ulstein jazz- og bluesklubb og seier dei set stor pris på innsatsen desse gjer for musikkmiljøet i regionen. Førehandssalet av billettar startar allereie fredag, så det kan løne seg å vere rask i vendinga om ein ikkje vil gå glipp av denne musikalske storhendinga, heiter det i ei pressemelding frå Ulstein Jazz- og Bluesklubb (tidl. KaffeBaren Jazz- og Bluesklubb)