15 år gamle Jon Kåre Haddal Våge var ein av 13 deltakarar frå Ulstein som reiste saman med seks deltakarar frå Hareid til UKM fylkesmønstring, som vart arrangert i Eide kommune denne helga.

Her møtte dei alle dei andre som gjekk vidare frå lokalmønstringane i kommunane i Møre og Romsdal. Det var nesten 400 deltakarar som var med og fekk vise fram sine talent, og det var mange kreative innslag. Det var sju mønstringar i løpet av helga, og det var også ei kunstutstilling som ein kunne sjå på når ein ville, då den var open store delar av dagen.

- Herlege menneskeJon Kåre deltok som kunstnar med sitt fotografi med tittel «Tvilling».-  Det var utruleg lærerikt å vere med, og veldig spennande. Dette er i alle fall ikkje min siste gong på UKM, og det er garantert eit minne for livet, seier 15-åringen smilande.

- Ein ting du ikkje kunne klare, var å kjede deg, fordi det skjedde ting heile tida. Det eg elskar med UKM er at eg blir kjent med så mange herlege menneske, og det er alltid nokon å snakke med. Om du går åleine i berre nokre sekund, blir du huka av ein annan gjeng som tek deg med utan å nøle, fortel Martin Fiskaa Ødegård (16). - Ja, det stemmer! Det var også veldig gøy å opptre framfor eit stort publikum, for det gir oss mange erfaringar, legg Erlend Fiskaa Ødegård (14) til.

Brør og komponistarMartin og Erlend er brør og har vore med på fylkesmønstringa fleire gonger. I år kom dei vidare med låta «Step by Step» som dei har skrive og komponert saman. Dei stod på scenen saman med resten av gjengen i bandet Volume, som vart danna for om lag to år sidan.

I løpet av helga var det også mykje anna som skjedde. I tillegg til konsertane vart jamming på kvelden ein slager, og det var også tilbod om ulike workshop på dagtid.

Biletserie frå UKM