Helge Orten, Høgres stortingsrepresentant nr. 1 for Møre og Romsdal, har takka ja til å opne årets Herøyspel. Orten som sjølv kjem frå Midsund kommune i Romsdal vil fyrste helga i juli, besøke Herøy kommune på Møre og Herøyspelet «Kongens Ring».

– Vi er stolte over at Helge Orten har takka ja til å opne spelet, og gler oss til å vise fram denne vakre og historierike øya midt i pilgrimsleia, med Herøy kystmuseum, den gamle kyrkjestaden og sjølvsagt Herøy amfi og vikingmusikalen vår, seier dagleg leiar i Herøyspelet John Andre Nærø.

Laurdagen den fyrste helga i juli dreg Orten i gong det som for 23. året på rad vert nok ei fantastisk spelhelg på Herøy.

– Vi vonar at været held fram slik det har vore i det siste, og ser fram til ei flott helg med fire framsyningar i amfiet og herlege, folksame dagar på Herøy Gard, avslutter Nærø, og ynskjer Helge Orten med fylgje og alle andre hjarteleg velkomen til spel.