5. august feirar Nynorsk kultursentrum at det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd. Feiringa vart sparka i gang allereie torsdag, då Ottar Grepstad lanserte si nye bok “Historia om Ivar Aasen” i uteamfiet i Aasen-tunet.

Alle veks opp med Aasen

Bente Riise er redaktør ved Det Norske Samlaget som gir ut boka til Grepstad og ho introduserte også verket og forfattaren under lanseringa.

– Alle har vokse opp med Ivar Aasen, slo Riise fast.

– Vi har gleda oss lenge til å gje ut denne boka og ein kan vel seie at kvar generasjon treng sin eigen biografi om Ivar Aasen, fortel Riise og la til at Ottar Grepstad har sett historia på ein ny og eigen måte.

I fylgje Bente Riise har Grepstad skrive ein biografi i eit hendig romanformat, som er både pedagogisk og lesverdig.

– Ottar Grepstad har Ivar Aasen og kjeldene tett på seg, noko ein også merkar i boka. Mykje er kjent frå tidlegare, men det er og mykje nytt og ein får myteknusing i stor stil, seier Riise, som trur Grepstad har irritert seg over korleis enkelte har framstilt Aasen.

Ikkje berre analyse

Ottar Grepstad meiner den nye boka gir eit skarpare portrett av Ivar Aasen enn tidlegare, og tvilar på om han kunne fått til alt han gjorde om han hadde vore den karikaturen enkelte framstiller han som.

– Eg bomma litt på sidetalet, litt som Ivar som skulle reise landet rundt i to år, men enda med å vie livet til det. Ein vert aldri ferdig med Ivar Aasen, fortel Grepstad.

I fylgje forfattaren så er den nye biografien ikkje eit verk berre for dei som har skrive hovudfag om Ivar Aasen.

– Det er ei bok for dei som kan lese norsk og er nyfikne på mannen ein trur ein veit noko om, fortel Grepstad som har lagt meir vekt på å fortelje enn å analysere.

“Historia om Ivar Aasen” er dedisert til minnet om Reidar Djupedal. I etterordet sitt skriv Ottar Grepstad at det var han som burde ha skrive boka, sidan ingen hadde Ivar Aasen sitt liv og verk meir i fingrane enn han.

Grepstad takka også dei som arbeider i Nynorsk kultursentrum, der han er direktør.

– Det er dei som gjer at ein kan gjere anna enn å sitje på kontoret, fortel han, men han nektar å kome med eit ærleg svar på kor lang tid han har nytta til å skrive boka.

På skakke gjennom landet

Grepstad fortel at personlege kjennemerke har vore diffuse hjå Aasen, men han avslører mellom anna at han var ein “hund etter tekniske oppfinningar” og at han var svært glad i fyrverkeri.

– Ivar Aasen gjekk litt på skakke gjennom Noreg. Han trødde skeivt, men nådde langt.

Ottar Grepstad fortalde kort om Aasen-biografien og las nokre korte utdrag.