Koret har synt ei sprek reiselyst dei siste åra. Blant anna har dei vore to gonger i Tyskland - den eine gongen la dei inn ein avstikkar til Italia. Dessutan har dei også vore på Island. Turen til Irland er planlagt av kormedlem Kjell Einar Ljones. Det blir ei stor lette for gjennomføringa at ei utflytta hareidskvinne - Torunn Stokke Topphol - er gift i Dublin. Ho blir koret sin guide under opphaldet. Koret vart innlosjert på North Star Hotel sentralt i Dublin i går kveld. I dag skal Torunn guide dei rundt i byen. Fredag er "fridag" og oppladingsdag før langturen laurdag. Då tek songarane buss til vestkysten - og noko av det finaste Irland har å by på. Dei skal besøke Kylemore Abbey og halde konsert i kapellet der - og deretter ha middag i The Malt House i Galway. 1. pinsedag skal koret synge i St. Patrick-katedralen - og om kvelden lovar Kjell Einar Ljones ei "ugløymande konsertoppleving" når koristane får oververe framføringa av Joseph Haydn's "Skapelsen". - "Skapelsen" er mitt favorittverk, fortel Ljones. - Det er kanskje noko av det finaste som er laga, legg han til. Ljones har skrive ut ein kortversjon av verket på norsk - slik at det blir lettare å følgje med. 2. pinsedag reiser koret til Kilkenny og får omvising på Kilkenny Castle. I Kilkenny blir det også omvising i ei grotte, som har fine minne frå den norske vikingtida der borte. Den siste dagen i Irland skal koret synge i St. Patrick-katedralen for andre gong. Onsdag 3. juni lettar flyet med kurs for Norge - og utpå kvelden er folketalet i Hareid 46 høgare enn ei veke tidlegare.
Kultur →
Hareid blandakor til Irland
Folketalet i Hareid gjekk ned med 46 då Hareid blandakor la ut på Irlandsreise onsdag morgon.