Bigsetmessa i bilete
Det rår ikkje tvil om Bigsetmessa sin suksess. For både utandørs og innandørs strøymde folk til frå alle kantar. Trass i at dei har store gode parkeringsplassar, var det ikkje lett å finne plass til bilen. Og for Bigsetmessa er dette eit godt teikn.
22 eller 24 år
Inne blant standane, dekorasjonane og alt folket kjem Vikebladet Vestposten i kontakt med Hilde Kirkebø Bjåstad som sit i messenemnda. Ho fortel at dei ifølgje erfaringane gjennom Bigsetmessa sine år på anten 22 eller 24 år, har opplevd at 3000 menneske har vore innom dørene gjennom ei messehelg.
– Det er utruleg kjekt at så mange finn vegen til Bigsetmessa. Med eit så godt samarbeid med dei ulike aktørane som utstiller produkta sine, går dette som ein dans på roser, vedgår Bjåstad.
Ho fortel at tilstrøyminga av lystne utstillarar er stor, og at dei diverre har vore nøydd til å seie nei til enkelte grunna plassmangel.
– Berre i år har vi 16 nye utstillarar. Det vil seie at vi denne helga har totalt 40 utstillarar her på skulen, fortel ho.
Og Bjåstad veit kvifor dei fleste allereie har skrive seg opp på deltakarlista til neste år.
– Vi får utruleg mykje positive attendemeldingar frå dei om at det er positivt og kjekt å delta på Bigsetmessa. Dei tykkjer det er positivt og vil meir enn gjerne vere med vidare, fortel ho.
Og Bjåstad fryktar det verste om kommunen vel å leggje ned skulen som nyttast av både messa, skuleborna og skulekorpset.
– Messa vil truleg smuldre vekk og skulekorpset vil truleg forsvinne. Det er synd sidan Bigset skulekorps no er det største korpset i Hareid kommune, understrekar Bjåstad.
Likevel rettar ho ein stor takk til frivillige og føresette som er med på å halde både Bigsetmessa, skulekorpset og skulen gåande.
Følg Vikebladet Vestposten på Facebook
Storkosar seg
To av dei faste utstillarane ved Bigsetmessa kan bekrefte at dei trivast på messa.
Bak nokre kasser med eple og pærer står fruktgardeigaren Inger Starheim saman med sonen sin Hans Roger Starheim, som begge kjem frå Stårheim i Nordfjord. Inger fortel at det er kjempekjekt å delta på Bigsetmessa, sidan ho får møte att kjentfolk frå tidlegare messer rundt om – også frå Bigsetmessa.
– Denne helga sel vi årets hausting av Gravenstein- og Aromaepler og Amandlis-pærer. Desse kjem frå fruktgarden vår på Stårheim som er over 200 år gammal. Vi har drive i over 40 år. Her er ein smak frå mange generasjonar, fortel Inger, i det ho gir ein prøvesmak til forbipasserande.
Ved sidan av Inger sit Kjell Humborstad som også kjem frå Nordfjord. Han lagar ulike typar spekemat av geit. Han har også sine spesialitetar som fårerull og sylte.
– Eg har vore med på Bigsetmessa i ti år. Det er alltid like kjekt, fortel Kjell.
Han legg til at han har ein stor varebil som han nyttar til å reise rundt med for å selje kjøtprodukta sine.
– Eg opererer stort sett mellom Ålesund og Førde. Og som på Bigsetmessa no i helga, møter eg stort sett berre kjentfolk, avsluttar Kjell med eit stort smil.
Mangfald
Og det er ikkje berre kjøttprodukt og herlege frukter frå Nordfjord som freista folket som vitja Bigsetmessa.
Frå dei ulike utstillarane kunne folket kjøpe, spekepølser, cider. juledekorasjonar, kunst, bilar og mykje meir.
I tillegg hadde messenemnda arrangert program i gymsalen på skulen, kor ulike lokale artistar og skulekorpset spelte.
Og to av dei lokale musikarane var søstrene Dagny Karin og Guro Topphol frå Bigset på Hareid.
Guro spelte gitar medan Dagny Karin song songar som blant anna “Hero” og “Chasing Cars”.
– Eg har spelt gitar i om lag eit og eit halvt år, fortel Guro, som legg til at ho er elev ved musikklinja på Fagerlia Vidaregåande skule i Ålesund.
Søstrene fortel dei kjem frå ein musikalsk familie, og at det er veldig kjekt å opptre på Bigsetmessa.
– Det er eigentleg eit sjølvfølgje, sidan vi begge er med i korpset, flirer dei til slutt.