Å sy stolfell er eit omfattande arbeid. Gurid Saunes treng både ei spesiell nål og ei god fingerbøl til arbeidet sitt. Og ho treng sitje godt for å kunne arbeide med eit så tungt materiale. Godt lys må ho óg ha. Difor sessar ho seg ved vindauget i stova, nær spisebordet, når ho har tenkt seg til å sy.

Men det første ho må gjere er å skaffe seg skinn, eit lòde og flott utegangarskinn i svart, grått eller brunt. Det kan ho få fleire stader i regionen.

Interessa til å sy stolfellar skriv seg frå ei venninne som er ivrig på slikt, som nærmast tvinga ho til å prøve. Det er tre år sidan. Gurid fortel at ho etter kvart vart hekta på denne type handarbeid sjølv om det er tungt. Nyleg avslutta ho eit kurs i syng av skinnfell ved Hareid og Ulstein Husflidslag.

– No synes eg det er rett og slett festlig, seier ho og nyttar fingerbølen til å presse nåla gjennom skinnet. Noko ho må gjere fleire hundre gonger før ho er rundt komen.

– Eg blir varm både av sjølve arbeidet, og av pelsen i fanget, ler ho.

Dette er difor eit typisk handarbeid for kalde dagar.

Omstendeleg hobby

Det første ho gjer etter at skinna er komne i hus, er å skjere dei til. Der skinna ikkje har rette liner, må ho felle inn eit stykke. Det gjer ho ved å sy saman stykka skinn mot skinn, presse ut saumen, klippe til eit band i same fasongen som saumen har, og fjerne pelsen på dette. Så må også det syast på for hand.

Neste steg er å sy saman skinna på same måten.

– Det går med to skinn til ein stolfell, og det er lengda på dyra som bestemmer lengda på fellen. Men eg har også laga til seng, og då brukte eg åtte skinn. Då var eg maroder i nesten eitt år etter, det var vanvittig å starte med noko så stort.

Så vel ho seg ut eit mønster som ho trykker på ved hjelp av trykkblokker og tekstilmåling.

– Eg er ganske nervøs før eg startar å trykke, tenk om eg trykker feil. Då er det gjort.

Til no har ho vore heldig og har ikkje trykka feil, ikkje så mykje i alle fall.

Gurid har kome så langt i arbeidet at ho skal til på ”brudekanten”. Det er ei tre centimeter breitt skinnkast med pels på som skal syast rundt heile fellen. Ho må skjere det til i rett breidde og passe på at ho får ei lengd som rekker rundt. Også det blir sydd på skinn mot skinn med vanlege faldesting. Brudekanten gjer at pelsen omkransar fellen.

Men det er tungt arbeid. Ho maktar ikkje sitje lenger enn ein time i gangen, og berre to slike økter per dag. Såleis vil det ta lang tid å sy ein stolfell.

Ho syr og gir vekk. Sjølv sit ho att med berre ein fell og ein haug med avskore skinnrestar. Dei skal bli omskapte til varme og mjuke puter.

Aktivt lag

Hareid og Ulstein Husflidslag er eit av dei mest aktive laga i Møre og Romsdal og har 50 medlemar. Ytre Søre Sunnmøre Husflidslag vart delt i 1999. Hareid og Ulstein Husflidslag vart då eige lag, medan Herøy og Sande gjekk saman.

Som namnet tilseier tek laget vare på gamle handverkstradisjonar. Bruk av skinnfellar i senga forsvann litt etter litt tidleg på 1900-talet. Først i 1990 byrja det ta seg opp att. Husflidslaga har æra for at denne gamle tradisjonen vert stadig meir populær. Leiar i Hareid og Ulstein Husflidslag, Linda Hasund, fortel at dei har ventelister på desse kursa.

– Vi tek ikkje inn fleire enn seks på kvart kurs fordi vi vil at alle skal få hjelp.

Laget arrangerer forskjellige typer kurs, som å lage turkopp av utvekstane på trea. Dei viser også korleis ein syr ulsteinselane til herrebunader. Laget skal til og med arrangere kurs i sying av barneklede.

Utfordra av Norges Husflidslag

Laget vart utfordra av Norges Husflidslag som eitt av fem lag i landet, til å dyrke lin. Dei har hatt fire åkrar, i Brandal, på Rise, i Hasund og på Dimna. Her har dei til saman dyrka lin på 50 kvadratmeter.

Linstråa har hengt til turk ei stund. I byrjinga av november kjem husflidskonsulent i Møre og Romsdal, Randi Hole, i lag med vel 80-år gamle Turid Røssvik som er den på våre kantar som har mest kunnskap om lindyrking, på besøk.

– Målet er å lage tråd av lin, og få ferdig garn, men det er ein lang prosess, forklarer Linda.

Ho fortel vidare at laget har mange medlemar som dyrkar oljelin og nyttar det i dekorasjonar.