I dag tidleg opna Sjøborg kulturhus billettsalet til framsyninga Ylvis 4.

Ylvisbrørne skal ha framsyning i Ulsteinvik 6. februar 2013.

Alt to timar etter billettsalet opna var 350 sete opptekne. No på kvelden er det framleis ledige billettar, men dei som har tenkt seg på denne humorframsyninga bør vere snare, for det er ikkje så mange billettar att.

I skrivande stund er det om lag 70 billettar att til framsyninga.