Til helga "innvaderer" 8.700 korpsmusikantar fordelt på 273 korps Trondheim. 86 av korpsa skal vere med i NM i skulekorps, janitsjar, brass og marsjering.

- Dette blir spanande, og vi gler oss alle saman, seier dirigent for Ulsteinvik skulekorps, Jette Degn til Vikebladet Vestposten.

Fredag blir det konkurranse i 4. divisjon janitsjar. Der deltek både Hareid Skulekorps/Hjørungavåg Skulekorps og Ulsteinvik Skulekorps/Hasund og Dimna Skulekorps.

Laurdag er Ulsteinvik skulekorps med i NM i marsjering, gatemarsj.

Landsfestivalen

NM for skulekorps er berre eitt av arrangementa under Landsfestivalen i Trondheim komande helg. Det blir musikk, konsertar, paradar, aspirantspeling, fagkonferansar og underhaldningskonkurranse. Opninga av festivalen blir på Torvet, med lokale korps. Det blir konsert i Nidarosdomen både fredag og laurdag, der Hans Majestet Kongens Garde, Manger Musikklag og trompetist Ole Edvard Antonsen står på programmet.

I Trondheim sentrum blir det drillopvisning, aspirantfabrikk med The Brazz Brothers, marsjshow og byspeling. Laurdag blir det Trondheimskveld med fleire korps og band. Søndag kveld blir det Tattoo, eller marsjshow på Lerkendal. Her vil HKMG og Ole Edvard Antonsen spele igjen, i tillegg til showband frå Nederland og Field Band frå Sør-Afrika.