Borna likar seg ofte godt om bord i Bokbåten Epos. (Arkivfoto) Foto: Ingvild Myklebust

Onsdagsmorgonen 25. januar kjem bokbåten til Hjørungavåg.

Fredag 27. legg bokbåten til kai både i Haddal, Leikong, Velsvik og Eiksund. Måndag 31. er båten mellom anna i Gursken, Gjerdsvika og Kvamsøya.

Forfattaren av Heksagon

Christin Grilstad Prøis har gjeve ut seks barnebøker, fem lydbøker, 13 syngjespel og fleire serieromanar.

Ein del vaksne kjenner henne kanskje best frå fjernsynsserien “Den lange reisen” som vart sendt på NRK 1 hausten 2007.

På stoppestadene til bokbåten blir det familieframsyning med barnebokforfattaren, der ho dramatiserer rundt bøkene ho har gjeve ut om heksa Heksagon.