Sokneprest Mikal Møgster heldt pinsepreika på Melshornet i snøvêr. Foto: Leiv Arne Grimstad

Vërmeldingane var usikre. Det skulle vere relativt vindstille, men kunne bli både sol og regn. Likevel gjekk folk i "karavane" opp fjellryggen frå Ulset i von om å få seg ei god oppleving på toppen.

Dessverre tetna bygene - snøbygene - akkurat då preika tok til - og for dei fleste vart det nok først og fremst eit spørsmål om å "halde ut" til det heile var i hamn. Avslutningssalmen "Fagert er landet" kunne nok ha vore sunge under betre vêrtilhøve enn dette.

Men god trim vart det, og Den Heilage Ande er ikkje vêravhengig.