Det er 18 kulturskuleelevar som går i 2. til 9. klasse som har vore med på å måle veggen. Ordførar Knut Erik Engh fortalde dei frammøtte at måleriet skal symbolisere det som skjer på kulturskulen, med innslag av dans, musikk og visuell kunst. Det er dei som har valt visuell kunst som har måla veggen.

- Dette er eit fantastisk fint måleri. Det veit eg godt, for eg har sett det før, sa ordførar Engh og byrja å rive ned presenninga som dekte til veggen.

Ordføraren fekk omsider ned heile presenninga, og fram kom eit flott veggmåleri, med sterke fargar og eit klart uttrykk.