- Det kan godt kome endå fleire bidrag. Vi sette nok fristen litt for tidleg, men no trur vi det skal vere godt med tid for dei som ønskjer å lage eit fint peparkakehus, eller kanskje ein peparkakebåt. Vi set pris på kreative bidrag, så det er berre å stå på, seier eigarane og drivarane av Folk Spiseri, Ingrid Margethe Ulstein og Thor Erik Andersen.

Folk Spiseri ønskjer alle som vil velkomne til å bake peparkakehus, som skal stillast ut i lokala deira fram mot jul. Det vankar også flotte premiar på dei eller den som imponerer mest.

– Dette gjer vi først og fremst fordi vi ønskjer å få i gong ein fin førjulstradisjon i Ulsteinvik, forklarar Ulstein og Andersen.

Så er det også nokre grunnleggjande reglar ein må følgje.

– Minst 80 prosent av peparkakekonstruksjonen må vere av peparkakedeig eller anna etande materiale. Alle får lov til å levere inn sine bidrag, men born under 16 år må ha samtykke frå foreldre eller føresette. Reklame er ikkje tillate, fortel Ulstein og Andersen.

Trekning 22. desember

Det er til sjuande og sist gjestane ved Folk Spiseri som avgjer kva slags konstruksjon som går av med sigeren.

– Trekninga blir 22. desember, og vinnaren blir avslørt her på Folk Spiseri 22. desember klokka 15.30. Premien for den som blir kåra som vinnar av gjestane er eit gåvekort på 1.500 kroner, som kan nyttast til lunsj og middagsmeny her på Folk. Gåvekortet må nyttast innan utgangen av april 2017, seier dei.

Ein eigen jury vil avgjere kven dei meiner fortener heider, og den som vinn denne prisen får ein «smak av Folk Spiseri».

Denne juryen vil bestå av ein representant frå Folk Spiseri, ein representant frå Vikebladet Vestposten og ein representant frå Ulstein kommune.