Søndag møter vi sola og månen gjennom musikk og høgtlesing. Musikar Kari Aske Osnes frå Ulsteinvik har komponert små musikkstykke til boka, som Karine Munch vil lese frå. Vi tenner adventslys og syng julesongar saman. Nokre jenter frå Stryn og kulturskulen i Ulsteinvik speler fiolin og leier allsongen.
Juleverkstad
Rundt i tunet vil det vere ulike verkstader etter førjulsstunda. Illustratør Line Katrin Moe frå Ørsta deltek på ein solverkstad med borna. På dei andre verkstadane får borna lage stjerner og månar med ulike materiale. – Dette blir både flotte julegåver og dekorativ julepynt, seier Munch.
Utandørs barnekunstutstilling
Boka "Månen som ville lyse som ei sol" har vore hausttema i mange barnehagar i Ørsta og Volda. Ho har inspirert borna til å lage ei utandørs utstilling i Aasen-tunet som opna torsdag førre veke. Forfattaren var sjølv til stades under opninga og var både rørt og imponert over fantasien til borna. Over 300 barnehageborn har bidrege til utstillinga som vil pryde tunet heilt fram til jul.
Julegåver og førjulsgraut
Signerte og nummererte bilete frå boka til Elin Grimstad vil vere stilt ut og til sals i kafeen. I kafeen kan ein også kjøpe førjulsgraut frå kl. 12.00, og butikken har gode tilbod på julegåver både til store og små.