Cecilie N. Seiness' bok om Jon Fosse vart nummer to og Maria Parrs «Tonje Glimmerdal» nummer tre i kåringa. Boka er skriven av Terje Aarset (64), som til dagleg er førsteamanuensis i norsk språk på Høgskulen i Volda, og gjeven ut av Fagbokforlaget i Bergen i samarbeid med Landslaget for Norskundervisning. – Nei, no må du slutta. Det er ikkje mogleg! Ho Maria Parr har då selt ti gonger så mange bøker som eg, seier ein litt ovandotten vinnar til Dag og Tid. I boka skriv Aarset om femten klassiske nynorsksongar, og mellom dei finn ein «Den fyrste songen», «Nordmannen» og «Fagert er landet». Han har skrive om tekstar og tonar, han har leita seg fram til opphavlege versjonar, dei første publiseringane, endringar av detaljar, historiske eller personlege omstende kring forfattarane, tonesetjing og bruken av songane. (©NPK)