Valkyrien Allstars vartar opp med forrykande felespel og rocka folketonar på Dei nynorske festspela. Sjelfull og sterk vokal akkompagnert av feleriff og kollektiv improvisasjon har blitt deira varemerke. Laurdag 26. juni spreier dei gode vibrasjonar frå utescena i Ivar Aasen-tunet, lovar arrangøren.
Tuva Livesdatter Syvertsen, mellom anna kjend frå ”Det store korslaget” på TV2, Ola Hilmen og Erik Sollid kjem til Dei nynorske festspela med leikande og svingande felespel.