Eli Marte Dalhaug gav ei nydeleg framføring av “Vidda”. Foto: Ingvild Aursøy Måseide

SJÅ OGSÅ: NYTTÅRSKONSERTEN I BILETE! Nyttårskonserten til Musikklaget ULF og Hasund og Dimnøy Ungdomsmusikkorps har blitt ein innarbeidd tradisjon. Den tolvte i rekkja trakk to fulle kultursalar med publikum. Årets tilreisande solistar var Maija Skille og Lars Eggen. I tillegg fekk dei draghjelp av Gollj og Gråstein på eit par nummer.

Konferansier Sigbjørn Notøy losa oss humoristisk og trygt gjennom dei tjue flotte musikkinnslaga me fekk høyre denne kvelden.

Ny dirigent

Hausten 2011 fekk Musikklaget ULF ny dirigent: Marianne Kristin Slyngstadli. Den dyktige dirigenten har dirigert ULF gjennom fleire konsertar. Ho gjorde ein god jobb som dirigent på Nyttårskonserten.

Best i dei humoristiske innslaga

Dei vaksne korpsmusikarane er rutinerte og dyktige. Samarbeidet med tilreisande solistar fungerer godt. Både Skille og Eggen song vakkert.

Skille var nok best i dei litt humoristiske innslaga, som då ho fekk svinge kjevla og song om at ho laga den verste paien i London. Dette nummeret var oppfriskande og artig. Skille var også dyktig på “When you`re good to Mama”.

Skille og Eggen song duett på “Something Stupid”. På slutten erklærte den mannlege solisten at han trudde han elska den kvinnelege solisten.

– Gjer du? Vil du vere med meg heim og sjå på svela mi, repliserte Skille, til stor latter og applaus frå salen.

Samspelet mellom songarane og musikarane på “Music of the Night” var mektig og flott.

Vidda

Publikum fekk også oppleve gode solistar frå korpsa sine eigne rekkjer. Eitt av høgdepunkta til underteikna var då Eli Marte Dalhaug var solist på Vidda, komponert av Ole Edvard Antonsen/Atle Halstensen. Dette var eit sterkt nummer.

Ann Katrin Barstad avslutta vakkert første avdeling av konserten med mexicanske “Children of Sanchez”.

Knipsing og song

Andre avdeling starta friskt med “I got Rhythm” av George Gershwin. Det var artig at det her var lagt inn eit lite knipseparti.

På “Dear Friend” braut heile korpset ut i song. Det at dei sat på plassane sine og song skapte ei spesiell og vakker stemning som fekk fram gåsehuda på dei fleste i salen.

På “The Conquest of Paradise” såg me først berre korpsmusikarane som spelte, samstundes som me høyrde nydeleg song. Inn kom etter kvart nokre munkar og stilte seg opp. Dei likne mistenkeleg på Gollj og Gråstein. Dette nummeret var ei perle.

Det heile vart avslutta som nyttårskonsertar i andre storbyar med “Radetsky Marsch”. Her fekk publikum vere med å klappe, under kunnig klapperettleing frå konferansieren.

Etter ståande applaus serverte aktørane “Music of the Night” ein gong til.