Djup konsentrert arbeider Ylva Overå Hide med dei siste detaljane på oljemåleriet ho skal ha med på utstillinga på Hareid som opnar laurdag.

18 elevar ved Hareid Musikk- og kulturskule, visuell kunst, gler seg til å vise kva dei har styrt med siste halvåret. Mange av elevane har gått på denne lina i fleire år, og har dermed stadig øvd opp evnene sine. Elevane er i alderen 12 til 16 år. Dei vil vise 40 arbeid i akryl, collage og materialarbeid.

Hareid Kunstlag vil gjere stas på desse som vel denne retninga, og har difor i år som i fjor, invitert dei til å stille ut arbeida sine på slutten av eit arbeidsår. Dei som vel denne retninga har ikkje så mange arenaer å vise seg fram på.

Sidan februar i år har dei arbeidd fram mot denne utstillinga, med særleg vekt på fargelære. Under vegleiing av lærar Kristine Hareide har elevane gått inn for oppgåva med liv og lyst, og måla etter kvar sine originalar. Såleis kan ein på utstillinga sjå kopi av Skredsvik, Astrup , Monet og Backer. I tillegg kan ein sjå collagar der fantasien har fått spele fritt under temaet ”Ei historie”.

Det å kopiere eit allereie eksisterande bilete, gir øving i å måle det ein ser. Ein må finne fram til dei fargane som er i maleriet, og gjenskape dette. Då må ein blande seg fram til rett nyanse, men også bygge opp fargane og teksturane ved hjelp av fleire lag med maling. Det å legge tynne lag med litt ulike fargar oppå kvarandre gir ein heilt annan glød og liv i flat enn om ein fargelegg flata med eitt lag måling.

I collage-bileta har dei fått i oppgåve å blande ulike uttrykk som teikning, foto og fargar. Komposisjon er viktig i denne oppgåva, og dei har måtte arbeide med plassering og størrelse på objekta i biletet. Dei har sett at dette har mykje å seie for korleis historia deira vert fortald.

Under opninga laurdag vil elevar frå musikkskulen stå for underhaldninga. Dette blir såleis eit møte med unge krefter innan musikk og kunst. Vel verd å bruke ein føremiddagstime til.