Danseshowet i bilete
Føresette, besteforeldre, søsken, vener og andre typar familiemedlemmer møtte fram på Hasund skule på Dimnøya laurdag ettermiddag då Stiletten Danseklubb arrangerte sin førjulsdans.
Freestyle
Og menyen deira var stor. Danseshowet innleia dei med å la alle deltakarane gå inn i gymnastikksalen i form av ei parade.
Først ut var barnegruppa i alderen 4–5 år, som fekk framsynte dansane sine til melodiar som “Hompetitten”, “Pinky” og “Alfabetsangen”. Dei avslutta med stil med sportsdansen sin.
Neste gruppe ut var sjuåringane med dansetypen “freestyle”, tett etterfølgt av Junior-diskoen.
Følg Vikebladet Vestposten på Facebook
Dyktige dansarar
Allereie frå byrjinga kunne publikum sjå at også dei aller minste i salen hadde bevegelsane på plass, og trinna sett i system.
Med hopp, sprett og høge spark, sanka dei på lik linje med resten av gruppene og alderstrinna fleire flotte applausar.
Freestylegruppa imponerte også med sine flotte “moves”, kor dei dansa til både rolege og meir tempofylde låtar av nyare art.
Det kunne til og med sjå ut som at publikum også vart freista til å svinge på foten.
Servering og tombola
Men om dei fulle magane hadde klart det, er ein annan sak. For ved eit kvart flott dansearrangement fins det matservering. Det gjorde det også under framsyninga til Stiletten Danseklubb.
På eit bord bak i salen selde dei herlege kaker og varme pølser i brød, med tilbehør som kaffi og brus.
I pausen arrangerte danseklubben tombola. Og folket verka som dei storkosa seg med all den gode maten og den flotte danseframsyninga laurdag.