Pål Andre Grimstad Worren er ikkje eit ukjent namn på Hareidlandet. Han har gledd mange med vakkert spel på trompeten sin. I fjor kunne me sjå han i beste sendetid på Nrk1 i programmet Stjernekamp.

For tida studerer han musikkpedagogikk på Norges musikkhøgskole i Oslo. Han har mange jarn i elden, han er trompetist, dirigent og pedagog. Han er dirigent i fleire band: Big Boss Band, Vindern Skoles Musikkorps og Oslofjord Brass. Han er Noregsmeister i janitsjarorkester med Christiania Blåseensemble.

– Du er der det skjer. Der det er verdt å vere, introduserte avdelingsbanksjef Lillian Breivik.

Ho røpte at han har sagt at han har lyst til å flytte heim til Sunnmøre for å arbeide med musikk, noko ho set pris på.

– Han er ein brennande engasjert bidragsytar til å auke kompetanse og musikkglede blant dei han jobbar med, rosa Breivik.

Worren takka for pengane. Dei vil han bruke til innkjøp av mellom anna dataprogramvare og trompeteffektar.