Bunadnemnda på Sunnmøre hadde lyst ut kurs på heile Sunnmøre og no kom dei frå Volda, Eidsdal, Tafjord, Ulsteinvik, Hareid, Valderøy, Ålesund og til og med ei utflytta Fiskåjente, no busett i Tresfjord. Det var ikkje ein kva som helst bunad dei ville sy, men ein rekonstruert sunnmørsbunad frå tidleg på 1800 talet. - Vi kallar dei folkedrakter, fordi det var slik folk gjekk kledde på den tida. Så flotte var dei når dei pynta seg. Aller mest pynta var dei når dei gjekk til kyrkje, fortel Bjørg Astrid Rørstad i Bunadnemnda på Sunnmøre i ei pressemelding. Og vidare: - I dag brukar vi den som ein bunad. Bunad kler vi oss i når vi skal pynte oss, men i dag er den ein del av garderoben vår som er svært ulik dei andre kleda våre. Første kurskvelden gjekk med til å bestemme seg for kva plagg ein skulle sy. Raudt liv – grønt liv? Ullstakk – damaskstakk? Vevd randaforkle eller handtrykt kattunforkle? - Hue var det også fleire av, for ikkje å snakke om silkeband og silkesjal. Vi ”frotsa” i farger og flotte tekstilar. Her var det rom for den personlige smak. Og sjølv om vi i dag er opptatt av at fargar skal ”matche” så kan resultatet bli vel så spennande, og mykje meir i tråd med tradisjonen på 1800 talet, om det ikkje gjer det. Videre var det tilpassing av plagga som stod på programmet. Viktig at snittet blir i tråd med den stilperioden bunaden er frå. Kursleder Inger Elin Rønnestad Mork var svært ”tilpassingsdyktig”, bunaden skal sitje som støypt på kroppen!
Kultur →
Klar for 17. mai i flotte bunader frå Sunnmøre
I september 2008 møtes ein gjeng ivrige kvinner med nål og tråd, og eit brennande ønske om å få seg ny bunad til 17.mai 2009.