Daniel Moldskred Strand. Foto: arkiv

Det var i klassa "årets musikkvideo" at gruppa vann prisen for hitten "One Song".

- Kjempeartig. Låten er ei oppsummering av høgdepunkt frå sommaren 2011, med klipp frå mellom anna konsertar, bandet, publikum og stands. Eigentleg er det ein dokumentasjonsvideo, litt utradisjonelt. Dess artigare er det at det norske folk har stemt den fram, seier Strand til Sunnmørsposten.

20-åringen er til sommaren ferdig med to år på Nordisk Institutt for Studio og Scene (NISS). Han, som ein del av musikarane (keyboard) rundt rap-duoen Envy fått oppleve ei rekkje høgdepunkt det siste året.

I august var han med på å vinne den internasjonale bandkonkurransen Emergenza festivalen i Hamburg, i september spelte Envy live på TV under det NRK1-sendte musikkprogrammet Lydverket før dei i oktober varma opp for rap-giganten Snoop Dogg i Oslo Spektrum.

Daniel Moldskred Strand og Envy er for tida travelt opptatt med å øve inn songane som skal vere med på debutalbumet deira, som kjem ut i mars i år.