Kultur →
Jon Fosse les i Aasen-tunet
Jon Fosse og Rolf Sagen kjem til Aasen-tunet for å lese og presentere dei nyaste bøkene sine tysdag 4. desember. Dette er eit unikt høve til å få oppleve ein av Europas mest spelte nolevande dramatikarar på nært hald. Å lese høgt for publikum gjer han berre tre stader i Noreg denne hausten. Den som bind kvelden saman, er Ragnar Hovland. Ingen ringare.