Konserten er del av ein miniturné i samband med første cd-utgjevinga til kvartetten, ”Lille stille”. I tillegg til konsertturnéen på Sunnmøre, som femner om Aasen-tunet, Ålesund og Stranda, har dei hatt sleppekonsertar både i Oslo og Bergen. Musikken vert beskriven som lyrisk, neddempa og spennande jazz, komponert av Omenås sjølv. I tillegg til Omenås sjølv på trompet får vi høyre dyktige instrumentalistar som Svein Magnus Furu på sax og klarinett, Jo Berger Myhre på bass og Øyvind Skarbø på trommer. Alle er på stjernelaget innanfor norsk jazz- og improvisasjonsmusikk. I motsetnad til mange av dagens unge norske jazzband vel Stian Around the Hill Quartet å leggje den enkle tydelege melodien i botnen for musiseringa. Samstundes har melodiane store opningar for vidare improvisasjon og klangleg utfalding. Mange har kanskje høyrt om Omenås Musikkfestival som finn stad i Valldal første helga i juni. Stian Omenås er initiativtakar til festivalen, som gjennom dei første 6 åra har etablert seg som ein av dei viktigaste små norske festivalane for unge profesjonelle musikarar innanfor ulike sjangrar som jazz, pop, klassisk og moderne musikk. Omenås vart fødd i Ålesund, men voks opp i Valldal. Han gjekk på musikklinja på Fagerlia i Ålesund i 3 år, deretter har vegen gått til Sund folkehøgskule og Musikkonservatoriet i Trondheim, der han har prøvt seg både som komponist og dirigent. Det store førebiletet er Miles Davis, men komposisjonane til Stian Omenås er også inspirerte av moderne klasssisk musikk. Vi tilrår alle som er interesserte i musikk å ta turen til Aasen-tunet komande søndag. Konserten kan kombinerast med god kaffi og vafler i kaféen før eller etter konserten.