Kjetil har vore med på produksjonen av 26 musikalar med Volda vgs. sidan den første såg dagens lys i 1997. Foto: Ingrid Gjerde

Kjetil Eiksund har vore musikklærar på Volda vidaregåande sidan musikklinja vart etablert der i 1995. Han har dermed vore med i alle musikalane skulen har produsert.

– Eg har stort sett vore i orkesteret i alle åra, kan du seie. Det har liksom vore min plass i musikalen, fortel Kjetil.

– Bortsett frå i 2020, då var eg ute av orkesteret på grunn av ein skulderoperasjon, legg han til.

Kjetil har funne plassen sin saman med orkesteret, i kroken bakarst på scena. Foto: Ingrid Gjerde

Kjetil kjem ifrå Ulsteinvik, men har budd i Volda i mange år. No synest han det blir stas å få vise fram musikalen til heimepublikumet på Sjøborg kulturhus, torsdag 16. februar.

Kvar det starta for Kjetil

– Eg begynte med fiolin, og var med og song i barnekyrkjekoret i Ulsteinvik. Men det var ikkje song som vart hovudinteressa, fortel Kjetil.

Ein skal tidleg krøkast! Foto: Privat

Ved sidan av fiolinen, som han spelte til han var 15–16 år, fekk han også interesse for piano. Interessa for musikk har kome frå familien, og særleg frå far Svein Eiksund. Kjetil begynte å spele piano då han starta i Ten Sing-koret i Ulsteinvik i 7. klasse.

– Vi begynte med eit band som heitte Rescue Zone, med stort sett det same bandet som spelte i koret. Ten Sing-miljøet gav meg eit fantastisk fellesskap der vi var på konsertar, gospel night og fekk møte folk frå heile Sunnmøre, mimrar Kjetil nostalgisk.

Musikkinteressa har Kjetil tatt med seg inn i arbeidslivet, der musikalen kvart år er det store høgdepunktet.

Utviklinga av musikalen

Då fyrste musikalen vart produsert i 1997 var musikklinja heilt ny og dei var aleine med arrangementet.

– Vi hadde ikkje Medium og kommunikasjon (MK) eller Kunst, design og arkitektur (KDA), så når eg ser tilbake no ser eg kor amatørar vi var i forhold til korleis produksjonen har blitt i dag, ler Kjetil.

Når det gjaldt lys, lyd, orkester og heile innpakkinga så var det veldig heimesnikra.

– Vi tok med oss ting heimanfrå for å bruke som rekvisittar, så det har vore ei stor utvikling frå den litt amatørmessige produksjon den gongen til dagens produksjon der MK er veldig sterkt inne både når det gjeld kulisser, program, marknadsføring, reportasjar og dokumentasjonar. I tillegg bidreg KDA med kostyme- og rekvisittproduksjon.

Musikal og kjærleik

Årets musikal har fått tittelen Somebody To Love, og er nr. 26 i rekka. Temaet er kjærleik, og bodskapen er at alle treng ein form for kjærleik i livet sitt.

– Ein blir jo glad i alle musikalane når ein har gjennomført dei. Alle har sine særtrekk som ein kan finne noko ein likar med. Vi sit igjen med gode følelsar kvart einaste år, fortel Kjetil.

Når det gjeld musikksjanger vil han særleg trekke fram Moulin Rouge frå 2004 som eit godt minne.

– Det er kanskje den eg huskar best med all musikken som var der. Eg likte godt arrangementa, settinga og stemninga vi klarte å skape.

Men det aller største høgdepunktet var i 2016, då Elton John sin musikk var sentral. Kjetil rynkar panna og prøver å tenke seg fram til kva musikalen heitte.

– Arrangementa vi hadde då, gjer dette til eit av høgdepunkta. Å få setje saman Elton John sine nydelege songar med eit svært orkester, stort kor og dyktige solistar til ein heil musikal, var noko heilt spesielt, fortel han engasjert.

Kjetil prøver igjen å tenke på kva tittelen på musikalen var, og må ein tur ut på personalrommet på vidaregåande for å finne igjen plakaten.

– Det var Goodbye Yellow Brick Road den heitte, seier han stolt.

No oppfordrar han heimepublikumet i Ulsteinvik til å ta turen til Sjøborg for å oppleve årets musikal: Somebody To Love.

– Om vi kan få publikum til å kjenne på noko av det same som eg og dei og andre på scena opplever når vi framfører, då har vi lukkast, avsluttar Kjetil.