Det var ei fullsett Hareidskyrkje som mintest multikunstnaren Johan H. Grimstad på 1-årsdagen (+ 1 dag) etter at han døydde. Fire kor - Hareid blandakor, Hareid kammerkor, Grimstadkoret og Vox Virorum - deltok. I tillegg var her to grupperingar av barn og ungdom, duettinnslag, diktlesing og som alt nemnt ei mektig avslutning med fellesnummer av den salmen som på ein måte har stått som eit motto for Johan H. Grimstad sin kulturinnsats: "Lova Herren mi sjel". Programleiar Oddbjørn Grimstad var oppteken av at konserten skulle vere i den ånda som JHG sjølv ofte heldt fram: At ein måtte ta vare på det beste i fortida og føre det vidare i framtida. I så måte var det gledeleg at det også deltok yngre songkrefter på konserten. Høgdepunkta var mange, men tru om ikkje Grimstadkoret si framføring av "Rosa mystica" var det som greip hardast tak? Akkurat då hadde programleiaren dekning for orda sine om at Grimstadkoret var noko meir enn eit kor. - Dei er ein symbiose, ei samling songarar som har røtt seg, hevda han.