Det blir første gongen Tindra spelar på Sunnmøre. Trioen har spelt i lag sidan tidlege studiedagar på Norges Musikkhøgskole i Oslo hausten 2000, og består av Åshild Vetrhus (song), Jorun Marie Rypdal Kvernberg (fele), og Irene Tillung (akkordeon). Alle tre lever i dag som heiltidsmusikarar. Tindra sin debut-cd ”Lukkelig vaking” kom ut i mai 2006, og fekk strålande kritikkar i media. Gruppa vart mellom anna nominerte til Spellemannsprisen i klassa for folkemusikk/gammaldans. Musikken til Tindra inneheld tradisjonelle songar og slåttar, og eigenkomponerte låtar med tekster av ulike norske lyrikarar som Jan Magnus Bruheim, Ragnar Hovland og Inger Hagerup, alt ikledd ei folkemusikalsk drakt. Trioen formidlar nyskriven norsk folkemusikk i spennet mellom det vare, kjensleladde og det sprudlande og energiske, arrangert og komponert av musikarane sjølv. Åshild Vetrhus kjem frå Suldal i Rogaland, og mykje av Tindra sitt repertoar er grave fram frå arkiva på desse kantar. Ho arbeider som frilans folkesongar og er den første som er tilsett ved Oslo Musikk- og Kulturskole for å undervise i folkesong. Bak seg har ho ei fireårig musikkpedagogisk utdanning frå Norges Musikkhøgskole i tillegg til ei lang rekkje konsertar og førestillingar i inn- og utland. Vetrhus er forutan Tindra aktuell m.a. gjennom samarbeid med Mari Skeie Ljones og Ingeleiv Berstad. Jorun Marie Rypdal Kvernberg kjem frå Fræna i Romsdal, og har tenkt å gjere volding av seg til sommaren. Ho er frilans folkemusikar på heiltid med fele og hardingfele som instrument og har trass sin unge alder allereie ei lang merittliste å syna til. I tillegg til Tindra er ho aktuell i felesekstetten Majorstuen, men er også ettertrakta som soloutøvar og har eit utal prosjekt på gong. Sommaren 2005 mottok ho den aller første Edvardprisen i folkemusikk for verket ”Då kom du,” skrive på tinging frå NRK. Kvernberg solodebuterte med plata "Album" i november i fjor der Romsdals- og Nordmørsslåttar stod på repertoaret. Irene Tillund kjem frå Voss og er kjend for sin detaljrikdom og allsidige meistring av akkordeonet. Ho er frilans akkordeonist og instrumentalpedagog. Tillund er ettertrakta som akkompagnatør blant så vel visesongarar som klassiske songarar og folkemusikarar, og har turnert land og strand i ulike konstellasjonar. Faste samarbeid har ho m.a. med visesongarane Marianne Kostøl, Karl Heldal og Arne Cranner. Det er ikkje berre i Noreg Tindra har utmerka seg. I samarbeid med Rikskonsertane har gruppa nyleg vore på ein nesten to veker lang skuleturné i India. Der besøkte dei Hyderabad, Mumbai, Bhopal, Delhi og Chandigarh. I tillegg til skulane var gruppa også innom tre colleges.