Grim Fimland Moberg. Foto: THOMAS ANTHUN NIELSEN

- Det viktigaste er å finne sin eigen stil, og ikkje minst må ein gjere dette fordi det er gøy. Dersom du sjølv har det gøy på scena, er sjansen for å lukkast hundre gonger større, seier primus motor og fast konferansier på Kaffebaren, Fredrik Steen. Etter eit stand up-kurs han arrangerte tidlegare i vår, byrja han å samarbeide med Kaffebaren om faste humorkveldar éin til to gonger i månaden. På klubbkveldane er det alltid fleire komikarar på scena same kveld, noko som gir gode odds for ein fargerik og variert humorkveld.

Proffe og amatørar

- Det er kombinasjonen av profesjonelle komikarar og amatørar som brukar å vere nøkkelen til å få slike kveldar til å gå rundt. Og kan hende det er fleire blant publikum som kunne tenke seg å prøve seg sjølve? I så fall må dei kontakte meg, seier Fredrik Steen, som sjølv gjekk på scena som stand up-komikar første gong i Oslo i 1994.

- Det var ikkje så mange som lo den gongen. Stand up var ei veldig ny og framand underhaldningsform for nordmenn flest, men no veit jo alle kva det er, seier Fredrik Steen. I tillegg til han sjølv tippar han at det er ein stad mellom 30 og 40 komikarar i Noreg som driv på med stand up på heiltid og har det som yrke.

Bergen

Hovudkomikarar på Kaffebaren torsdagskvelden er Vidar Hodnekvam og Grim Moberg. Dei er aktive komikarar med utspring frå stand up-miljøet i Bergen, og reiser land og strand rundt og underheld, både på klubbscener og for næringslivet. Fredrik Steen melder at dei begge er skarpe og svært morosame karar. Stand up-klubben på Kaffebaren samarbeider òg med Stand up Ålesund, slik at Grim og Vidar vert å sjå på Teaterfabrikken dagen etter at dei har vore i Ulsteinvik.

Stinn brakke

Det var stinn brakke på Kaffebaren på opningskvelden for ein månad sidan, og dei ferske komikarane imponerte minst like mykje som dei profesjonelle. No satsar Fredrik Steen på fullt hus nok ein gong:

- Eg håper og trur det blir like kjekt som førre gong. Meir folk gir meir latter gir meir gøy! seier Fredrik. I tillegg til torsdag kveld, vert det òg stand up-show på Kaffebaren under Ulsteindagane, torsdag 3. juni, før klubben tek sommarferie.