Det var nok mange på Hareid som synest det var kjekt at Amatørteateret hadde framsyning att etter eit opphald på 12 år. Det har vore kviskra i kulissene om at det er mogleg att folk får sjansen att på Hareidstemna til hausten. Ordførar Gunn Berit Gjerde kom på siste framsyninga og overekte blomster der ho takka teateret for at dei underheldt folket.