Onsdag 25. juni vil fire karar som for anledninga kallar seg 3+1 innvie den nyopna kaféen  Josefine i Kjøpmannsgata på Hareid som konsertlokale.

Mykje av materialet i det som dei håper vil verte ein triveleg, liten intimkonsert, er skrive av to av dei, Ronald Øvrelid og Odd Goksøyr, og vekslar mellom visepreg, noko i retning av pop og blues og det som verre er, men alt på norsk og med vandring mellom smil og melankoli, og kanskje litt livsvisdom om nokon skulle trenge det. Med seg har dei fått Tormod Engen og Karsten Robert Kirkebø til musikalsk hjelp og moralsk støtte, og arbeidstittelen 3+1 kan spele på noko så enkelt som at det vert tre karar med gitarar og ein med ymse rytmereiskap. Eller noko heilt anna, kven veit?

Aktørane har tidlegare samarbeidd om prosjekt som ”Amerikansk kjærleik på ny norsk” med omsette amerikanske kjærleikssongar, ”I filler av lys” med songar av Leonard Cohen i nynorsk språkdrakt, konserten ”Sans og Samling” saman med Frid&Glede, og , frå ein del år tilbake, sunnmørskabareten ”Drive sytalaus i solnedgangen”. Denne gongen vert det altså eit reint karalag med stort sett eige stoff, men kanskje vert kaféigaren også med på ein song eller to?

Kaféen opnar dørene ein time før 3+1 reinskar strupen, spenner strengene, tar grep og slår på tromma, slik at dei som vil, kan få kose seg med både kaffi og noko attåt før og under konserten.

Det nyinnreidde kafélokalet er lyst,  romsleg og triveleg og godt eigna til slike små musikalske eller andre arrangement, og vi håper at denne vesle konserten kan verte den fyrste av fleire. For nærare informasjon sjå oppslag, annonse i Vikebladet tysdag som kjem, eller besøk Josefine på facebook.