(NPK): Den prislønte boka «Tonje Glimmerdal», skriven av Maria Parr, er selt til Estland. Med det er boka gitt ut i til saman elleve land.Mellom landa boka er gitt ut i er Tyskland, Frankrike, Kina og Russland, heiter det frå Samlaget.
Parr har fått både Kritikarprisen, Brageprisen og Teskjekjerringprisen for boka, og Die Zeit kåra boka til den beste barneboka på tysk i 2010.
«Tonje Glimmerdal» kom ut i 2009 og handlar om nettopp Tonje Glimmerdal, den einaste ungen i Glimmerdalen. Ho er den tøffaste jentungen dalen har sett sidan dei vaksne tantene hennar herja på ski mellom fjella, og bestevenen hennar er ein bisk felespelar på over 70 år, skriv Samlaget om boka.
Det Norske Teatret skal setje opp «Tonje Glimmerdal» på hovudscena neste haust.