Sunnmøre kammermusikkfestival gjekk føre seg på Fredheim i Ulsteinvik fredag 3. mai. Kammermusikkfestivalen, som i løpet av tre dagar arrangerte konsert i kommunane Ulstein, Herøy, Ørsta og Volda, hadde denne gang selskap av Oline Sæverud Aksnes (15) frå Ulsteinvik. Ho representerte Ulstein kulturskule.

Delt førsteplass

I samband med Sunnmøre kammermusikkfestival delte Sparebank 1 Søre Sunnmøre ut  eit talentstipend. Oline var ein av fire kandidatar for stipendet, som kjempa om pengesummen på 25,000 kroner frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

Med ein kandidat frå kvar kommune, fekk Oline delt førsteplass med Olav Telseth frå Ørsta. Dei begge enda opp med eit stipend på 12,500 kroner kvar.

– Eg fekk tilbod om å syngje under konserten på Fredheim 3. mai gjennom Ulstein kulturskule, der eg var ein av kandidatane til dette stipendet. Det å vinne eit slikt stipend er sjølvsagt kjekt og utruleg inspirerande, fortel Oline til Vikebladet Vestposten.

For Oline er musikken ein stor del av livet. Dei siste tre åra har ho vore songelev ved Ulstein kulturskule. Før det gjekk ho seks år ved kulturskulen, der ho lærte seg å spela piano.

– Det er ei flott anerkjenning. Det er kjekt at folk set pris på det eg gjer, avsluttar Oline nøgd.